Laurdag 23. august vart det arrangert sonelagsturnering for 13-åringar på Kaupanger. Turneringa som vert spelt med niarlag er ein del av kretsutviklingstiltaka i Sogn og Fjordane Fotballkrets. Frå Aurland deltok Jennifer Mjøs på sonelaget til Sogn. Laget slo både Sunnfjord og Nordfjord; og i alle høve 6 av dei 8 måla var signert Jennifer!
På gutesida var det Nordfjord som var best og vann begge sine kampar. Sogn tapte ganske stort i sine kampar. Det skal nemnast at ingen spelarar frå Jotun deltok på denne turneringa, på grunn av kollisjon med andre kampar. Detaljar finn de her.