Pages Navigation Menu

Arkiv

Flinke idrettsungdomar fekk stipend

Posted by on laurdag, mars 9, 2019 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Flinke idrettsungdomar fekk stipend

Flinke  idrettsungdomar  fekk  stipend

På årsmøtet til Aurland IL blei lovande idrettsungdomar heidra med prestasjonsstipend frå Flåm Utvikling as. Dei utvalde var Sofia og Oskar Stigen Sørensen og Kristiane Sekkingstad Terum. I tillegg fekk Thomas Langeland tilsvarande stipend frå Aurland IL. Sofia, Oskar og Thomas har utmerka seg med særs sterke resultat i boksing, medan Kristiane har prestert godt i løping. Mellom anna kom ho til finalen på 400 m i jr-NM i 2018. (Foto: Olav Terum)

 

Skikarusell

Posted by on torsdag, mars 7, 2019 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Skikarusell

Skikarusell 9.mars er avlyst grunna snømangel.

MVH

Skigruppa

Aurland Idrettslag inviterer til årsmøte onsdag 6.mars 2019 kl 18:00 i kommunestyresalen, Aurland rådhus

Posted by on sundag, februar 24, 2019 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Aurland Idrettslag inviterer til årsmøte onsdag 6.mars 2019 kl 18:00 i kommunestyresalen, Aurland rådhus

Aurland Idrettslag inviterer til årsmøte
onsdag 6.mars 2019 kl 18:00 i
kommunestyresalen, Aurland rådhus.
Me startar med utdeling av Flåm Utvikling sitt idrettsstipend,
deretter vanlege årsmøtesaker. 
Enkel servering.
Årsmøtet vert avslutta med markering av årets medlem.

Vel møtt!

 

Årsmeldinga finn du under fana årsmeldingar

Skirenn 23.februar avlyst

Posted by on fredag, februar 22, 2019 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Skirenn 23.februar avlyst

Skirennet som var planlagt laurdag 23.februar er dessverre avlyst grunna lite snø.

Skikarusell 2019 – 1. rennet; laurdag 23. februar

Posted by on laurdag, februar 2, 2019 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Skikarusell 2019 – 1. rennet; laurdag 23. februar

Det første skirennet i år blir laurdag 23. februar. påmelding frå kl. 12.30, rennet startar kl.13.00. Sal av grilla pølser og varm/kald saft. Loddtrekking på startnummer, med mange fine premiar. Karusellpremie til dei som har delteke på tre renn. Viss vi må avlyse pga. dårleg vêr eller andre grunnar vil vi informere om det her, og på facebook, innan kl.10.00 på laurdag.

Velkomen til skikarusell 2019!

Velkomen til veterancup den 25 og 26 januar 2019.

Posted by on torsdag, januar 24, 2019 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Velkomen til veterancup den 25 og 26 januar 2019.

Symjegruppa ynskjer fleire instruktørar

Posted by on tysdag, januar 15, 2019 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Symjegruppa ynskjer fleire instruktørar

Vi jobbar for å få til eit trenar1 kurs i Aurland i løpet av våren. Kurset vil eventyelt vere eit samarbeid med Norges svømmeforbund og Årdal IL. Viss du vil bli instrutør i symjegruppa og heve trenarkompetansen din- bli med! Les meir https://aurland-il.no/?page_id=460

 

Løpetrening

Posted by on måndag, november 5, 2018 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Løpetrening

Løpetrening

Onsdagar klokka 18:00-19:00 er det løpetrening ute for aldergruppa 12 år til vaksne, med start frå  stadion. Me kjem til å driva med jogg, løpskoordinasjon, intervallar, langturar og litt sprinttrening, og tilpassar øktene til dei som er med. Ta kontakt med Olav Terum eller Torill Ebne for meir informasjon. Me er to vaksne, og kan difor dela inn i fleire grupper. Om du vil ha framgang er det lurt å delta på kvar trening.

Klubbveke 39.

Posted by on sundag, september 23, 2018 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Klubbveke 39.

Frå mandag 24.sept til og med laurdag 6.OKT vert det klubbveker på Borlaug sport der det er sett saman nokre pakker samt at det er 15% medlems tilbud på alle Umbro produkter. Det er vanlige opningstider alle dagar unntatt. Ta ei tur innom for å finne din størrelse.

Sjå diverse pakker i link under.

Aurland il

Gjorde gode løp i Galdane Rundt

Posted by on laurdag, september 22, 2018 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Gjorde gode løp i Galdane Rundt

Gjorde  gode  løp  i  Galdane  Rundt

Mario Midje Baltov og Olav Terum deltok laurdag 22. september i det flotte terrengløpet Galdane Rundt i Lærdal. Den kuperte rundløypa er kring 8,7 km lang og har nokre tøffe motbakkar, korte parti med flatare sti og heftig unnaløping mot mål. Heile 71 personar stilte i konkurranseklassen. Mario fekk den gode tida 39.17 og blei nr. 4 i klasse 23-34 år. Målet var å bryte 40-minutt-grensa, så eksboksaren frå Vassbygdi var godt nøgd. Olav kom i mål 1 min 50 sek etter Mario, og med tida 41.07 vart det klar siger i klasse 55-59 år. Alle resultata ligg her.