Pages Navigation Menu

Arkiv

Skirenn 23.februar avlyst

Posted by on fredag, februar 22, 2019 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Skirenn 23.februar avlyst

Skirennet som var planlagt laurdag 23.februar er dessverre avlyst grunna lite snø.

Skikarusell 2019 – 1. rennet; laurdag 23. februar

Posted by on laurdag, februar 2, 2019 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Skikarusell 2019 – 1. rennet; laurdag 23. februar

Det første skirennet i år blir laurdag 23. februar. påmelding frå kl. 12.30, rennet startar kl.13.00. Sal av grilla pølser og varm/kald saft. Loddtrekking på startnummer, med mange fine premiar. Karusellpremie til dei som har delteke på tre renn. Viss vi må avlyse pga. dårleg vêr eller andre grunnar vil vi informere om det her, og på facebook, innan kl.10.00 på laurdag.

Velkomen til skikarusell 2019!

Velkomen til veterancup den 25 og 26 januar 2019.

Posted by on torsdag, januar 24, 2019 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Velkomen til veterancup den 25 og 26 januar 2019.

Symjegruppa ynskjer fleire instruktørar

Posted by on tysdag, januar 15, 2019 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Symjegruppa ynskjer fleire instruktørar

Vi jobbar for å få til eit trenar1 kurs i Aurland i løpet av våren. Kurset vil eventyelt vere eit samarbeid med Norges svømmeforbund og Årdal IL. Viss du vil bli instrutør i symjegruppa og heve trenarkompetansen din- bli med! Les meir https://aurland-il.no/?page_id=460

 

Løpetrening

Posted by on måndag, november 5, 2018 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Løpetrening

Løpetrening

Onsdagar klokka 18:00-19:00 er det løpetrening ute for aldergruppa 12 år til vaksne, med start frå  stadion. Me kjem til å driva med jogg, løpskoordinasjon, intervallar, langturar og litt sprinttrening, og tilpassar øktene til dei som er med. Ta kontakt med Olav Terum eller Torill Ebne for meir informasjon. Me er to vaksne, og kan difor dela inn i fleire grupper. Om du vil ha framgang er det lurt å delta på kvar trening.

Klubbveke 39.

Posted by on sundag, september 23, 2018 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Klubbveke 39.

Frå mandag 24.sept til og med laurdag 6.OKT vert det klubbveker på Borlaug sport der det er sett saman nokre pakker samt at det er 15% medlems tilbud på alle Umbro produkter. Det er vanlige opningstider alle dagar unntatt. Ta ei tur innom for å finne din størrelse.

Sjå diverse pakker i link under.

Aurland il

Gjorde gode løp i Galdane Rundt

Posted by on laurdag, september 22, 2018 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Gjorde gode løp i Galdane Rundt

Gjorde  gode  løp  i  Galdane  Rundt

Mario Midje Baltov og Olav Terum deltok laurdag 22. september i det flotte terrengløpet Galdane Rundt i Lærdal. Den kuperte rundløypa er kring 8,7 km lang og har nokre tøffe motbakkar, korte parti med flatare sti og heftig unnaløping mot mål. Heile 71 personar stilte i konkurranseklassen. Mario fekk den gode tida 39.17 og blei nr. 4 i klasse 23-34 år. Målet var å bryte 40-minutt-grensa, så eksboksaren frå Vassbygdi var godt nøgd. Olav kom i mål 1 min 50 sek etter Mario, og med tida 41.07 vart det klar siger i klasse 55-59 år. Alle resultata ligg her.

 

 

Årsbeste og finaleplass på 400m i jr-NM

Posted by on laurdag, august 25, 2018 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Årsbeste og finaleplass på 400m i jr-NM

Årsbeste  og  finaleplass  på  400m  i  jr-NM

Kristiane Sekkingstad Terum sprang fredag 24.8. ein god 400m på Bislett stadion i jr-NM, og sikra finaleplass med tida 59.57, berre 4/10 bak personleg rekord. Det heldt til ein fin 3. plass i sitt heat. I finalen dagen etter gjekk det litt tyngre, og Kristiane enda totalt som nr. 8 i klasse U20.


Resultat E-CO Rimstigen Opp 2018

Posted by on laurdag, juli 28, 2018 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Resultat E-CO Rimstigen Opp 2018

Resultat  E-CO  Rimstigen  Opp  2018

Resultata 2018

Ein varm E-CO Rimstigen Opp

Posted by on laurdag, juli 28, 2018 in Nyhende Framside | Kommentarar avslått på Ein varm E-CO Rimstigen Opp

Ein  varm  E-CO  Rimstigen  Opp

Då er den 7. utgåva av E-CO Rimstigen Opp gjennomført. Som tidlegare år glei arrangementet knirkefritt, og flinke funksjonærar gjorde ein kjempejobb. Deltakarane kom med gode tilbakemeldingar, og både turgåarar og konkurranseløparar hadde ein fin dag på Bakka. Som før toppa sterke motbakkeløparar i noregseliten resultatlista, men også fleire aurlendingar var på startstreken. Mellom anna hadde Sander S. Terum, Mario B. Midje, Torkil S. Terum, Olav Terum og Anders Veum eit knallhardt oppgjer om å bli beste aurlending. Sander stakk til slutt av med den interne sigeren. Også Sigve Vikesland og Asbjørn R. Marsh (14 år) stilte til start, noko som var svært kjekt. Vinnarane av løpet blei Lars E. Skjervheim frå Voss og Anita I. Lilleskare frå Bergen. Ordførar Noralv Distad tok som fleire gonger før turen til topps, og delte til slutt ut premiar nede ved grendahuset på Bakka. Dei aller fleste tok dessutan ein forfriskande dukkert i fjorden etter løpet og kjøpte seg betasuppe og anna godt av Bakka Grendalag, som stod for matsal.