Pages Navigation Menu

Hallvaktordninga

Det er avtale mellom Aurland Idrettslag og Aurland Kommune om å utføra teneste som hallvakt i Aurlandshallen under trening og konkurranse på kveldstid og i helgar

Hallvakta skal først og fremst vera til hjelp og støtte for brukarane i Aurlandshallen, både i normal drift og i tilfelle det skulle skje ein naudsituasjon. Hallvakta har og ansvar for å sjå til at alle brukarane følger dei oppsette reglane for bruk av hallen. Det er Aurland idrettslag som utfører oppgåva som hallvakt. Alle vaksne medlemar (over 18 år), eller foreldre til born og unge som driv aktivitet i idrettslaget, deltek i vaktordninga.

Hallvakta har gul vest med tekst «VAKT AURLANDSHALLEN».

Hallvakta er til for deg som brukar av hallen og for å ta vare på hallen.
Vis respekt for hallvakta og hallvakta sitt ansvar og oppgåver!

Det er utarbeida ein instruks for oppgåvene til hallvakta.

Instruks-for-tilsynsvakt-i-Aurlandshallen-oppdatert-20-feb-2011 (2)

Vedlagt ligg oversikt over hallvakt. Dersom oppsett tidspunkt ikkje høver, må den einskilde sjølv ordne med byte. Ved byte av vakt eller om ein har fått andre som tek vakta skal det gjevast melding til tturlid@hotmail.no eller SMS til 476 23 851, Har ein fått andre til å ta vakta for seg, er det den som er oppsett på vakt som har ansvaret for at vakta blir gjort etter gjeldande instruks. Endringar på vaktlista vert fortløpande oppdatert på AIL sine nettsider samt i vaktrommet i hallen.

Tilsynsvakt 2018 Oktober

Tilsynsvakt 2018 November

Tomt for rapportskjema i perm på vaktrommet?

Rapportskjema-tilsynsvakt-Aurlandshallen-ta-uskrift-til-perm6