Jennifer Mjøs (J-13) og Kristiane Sekkingstad Terum (J-14) deltok i helga på kretskamp i friidrett mellom Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder-fylka. Jennifer imponerte med å ta gull i finalen på 60 m med tida 8.22 og i lengde med solide 5,08 m. På 200 m blei det andreplass med strålande 26.2 (manuell tidtaking) og på debutdistansen 200 m hekk blei det nok ein sølvmedalje. Kristiane viste storform på 200 m, og fekk gullmedalje med tida 26.35 i litt for mykje medvind til å få godkjend bestenotering. I høgde vart det personleg rekord med 1,46 m. Dette heldt til 4. plass med same resultat som nummer to og tre. Smerter i lysken gjorde at ho måtte stå over 60 m denne gongen. Sogn og Fjordane blei nr. 2 i kretskampen.