Hans-Inge Klette, Viljar IL er utøvar i verdstoppen i randonee (U23), men viste også styrke på sommarføre, då han laurdag 27.7. vann glovarme E -CO Rimstigen Opp med tida 27.01. Beste kvinne var Emma Hanstveit i klasse 15-17 år, med tida 33.57. Berre sekundet bak kom tvillingsøstera Anna med 33.58, og begge var under den gamle bestenoteringa i denne klassen. Også eit par aurlendingar, Torkil S. Terum og Mario B. Midje, var å finna på startlista, og denne gongen var det Torkil som blei den beste lokale løparen med tida 36. 11.
Stemninga var som vanleg svært god under arrangementet. Folk bada i fjorden etter løpet, kosa seg med betasuppe og andre godsaker ved grendahuset og venta i spenning på trekning av alle dei flotte gåvepremiane. 48 løparar deltok i konkurranseklassen og kring 40 var med i turklassen. I tillegg var mange funksjonærar og andre turgåarar å finna i løypa.


