Det spirer og gror i hanballgruppa, og i helga var fleire av dei yngste laga i aksjon. Jenter-10 imponerte med siger 8-3 over Bjørn 2 og uavgjort mot Bjørn i Aurlandshallen søndag. G-11 tok turen til Lærdal, og her blei det to flotte sigrar mot Bjørn og Jotun. Laurdag var G-10 på Leikanger, og trass god innsats blei det eit knapt tap mot Syril og nederlag mot Årdalstangen. Søndag var dei aller yngste i aksjon, då det var minihandballturnering på Årdalstangen. Speleglede og det sosiale sto i fokus, og det blei både sigrar, uavgjort og tap for dei ivrige 3. og 4. klassingane. Siste kamp søndag var i J-13, der aurlandsjentene møtte knallhard motstand frå Høyang, det beste laget i serien. Dei kjempa godt, men måtte innsjå at kampen enda med tap.

