Pages Navigation Menu

Friidrett

Friidrett

Friidrettsgruppa har treningar heile året, og om du ønskjer å konkurrera hjelper me til med treningsprogram og gir økonomisk støtte i samband med påmelding og reiser. Friidrettsgruppa står òg som arrangør av motbakkeløpet E-CO Rimstigen Opp.

Innetrening: Måndagar frå klokka 18:00 – 19:00, i perioden frå haustferien til påske, er det basistrening i Aurlandshallen for aldersgruppa 12 – 16 år. Her har me eit variert program med styrke-, koordinasjon-, spenst- og reaksjonstrening. Frå fylte 15 år kan du også driva med styrketrening i treningsrommet, og me kan gje litt rettleiing om øvingar som er viktige for løparar.

Løpetrening ute: Onsdagar frå klokka 18:00 – 19:00 er det løpetrening ute. Oppmøte på stadion. Friidrettsgruppa har også andre friidrettsstreningar kvar veke. Ta kontakt med Olav Terum for meir informasjon.

Kontaktinformasjon: E-post: olav3112@hotmail.no Mobilnr.: 99414496

Styret i friidrettsgruppa 2018

Leiar: Olav Terum

Styremedlemar: Alf Strømsnes, Arvid Gilje og Magnar Dalen