Pages Navigation Menu

Lagsbuss

Tinging av lagsbussen vert gjort av gruppeleiar, som også koordinerer fordelinga av bruken laga imellom. Gruppeleiararane koordinerer tingingane seg imellom.

Booking sendes til skrivar Margunn Tolleshaug: margunn.tolleshaug@gmail.com

 Bruk av Aurland Idrettslag sin lagsbuss

 

  • Alle grupper innanfor AIL kan nytta bussen.
  • ”Først til mølla” prinsippet gjeld.
  • Gruppa betalar ein fast sum på kroner 400,00 for bruk av bussen, inkludert diesel.
  • Gruppa har ansvar for å stille med sjåfør med godkjent førarkort for minibuss.
  • I tillegg til sjåfør skal gruppa ha med ein vaksen i bussen.
  • Sponsor kan nytte bussen i samsvar med sponsoravtale
  • Bussen har fast parkering på oppmerka plass i Rådhusgarasjen.
  • Nøkkel vert å kvittere ut i resepsjonen i Rådhuset saman med ESSO kort, og leverast tilbake så snart som råd.
  • Sjekk bussen i henhold til liste som ligg i bussen ved uttak og innsett.
  • Ferdsskive ligg i hanskerommet og skal fyllast ut, brukast og oppbevarast i hanskerommet etter turen.
  • AIL har avtale om fylling av drivstoff hjå Aurland Bensinstasjon og nyttar ESSO-kortet. Drivstoff skal fyllast opp etter bruk. Kvittering skal leggast saman med kortet. Kvitteringsliste for fylling av drivstoff vert lagt i bussen. Denne skal brukast, i tillegg til kvittering.
  • Om vinteren skal motorvarmar brukast. Kabel skal oppbevarast i bussen under køyring. Denne fungerar også som batteriladar.
  • Handbrekk skal ikkje brukast om vinteren når bussen er parkert i garasjen. Den skal kun stå i gir fordi brekket lett frys

 

  • Bussen skal vaskast/rydast utvendig og innvendig etter at turen er ferdig. Me har avtale om vask av bussen i vaskehallen til Jørund Vidme i Flåm.
  • Til slutt: Forlat bussen slik du ynskjer å finne den, rein og fin og tom for boss.

 

Eventuelle skadar, feil og mangler på bussen skal straks meldast til hovudstyret v/ Terje Grønsberg på: anit-tur@online.no