Fotballgruppa i Aurland Idrettslag skal legga til rette for at alle i Aurland skal ha eit fotballtilbod.
For å oppretthalde eit treningstilbod til ungane våre er idrettslaget også prisgitt at foreldre og/ eller andre stiller opp som trenarar og lagleiarar- dersom du er interessert ta kontakt med leiar i fotballgruppa!
Aurland Idrettslag sponsar kurs om nokon er interessert i det👍
Miniputtfotball AIL
Sesongen startar vanlegvis i april og sluttar i september. Det er trening 1 gong i veka, og deltaking på 4 turneringar som finn stad her i Aurland, Lærdal, på Årdalstangen og i Øvre Årdal.
Sesongen startar vanlegvis i april og sluttar i september. Det er trening 1 gong i veka, og deltaking på 4 turneringar som finn stad her i Aurland, Lærdal, på Årdalstangen og i Øvre Årdal.
Av dugnadar må ein som føresett vere budd på fylgjande:
- Bidra med å arrangere heimeturnering
- Stille som funksjonær under Flåmsdalenløpet på våren dersom det vert arrangerør
- Stille som funksjonær under AXTRI (triatlon) på hausten dersom det vert arrangertv
- Bidra på dugnad under Veterancup i januar
På heimeturneringa må alle i aksjon, på dei andre arrangementa er det normalt kun behov for 2 personar frå miniputtgruppa. Men, dette er både sosialt og kjekt!
Facebookgruppa for Miniputtfotballen
———————————————————
Leiar i fotballgruppa er Arve Tokvam