Skip to content
Menu
Aurland Idrettslag
  • Medlemskap
  • Nyttig informasjon
    • Treningstider
    • Lagsbuss
    • Hallvaktordninga
    • Verv i idrettslaget
    • Årsmelding
  • Idrettar
    • Fotball
    • Handball
    • Friidrett
    • Barneidrett
    • Ski
    • Corebar/Step/Styrke
    • Boksing
    • Klatring
    • Symjing
    • Dykking
  • Bilete
    • Fotball
    • Friidrett
    • Volleyball
    • Boksing
    • Ski
  • Våre sponsorar
  • Logg inn
Aurland Idrettslag

Spennande kampar i Aurlandshallen

Posted on 09/03/2014

Tre kampar blei spela i Aurlandshallen i dag. Første lag ut var J-13. Dei møtte Sogndal i ein svært spennande og jamn kamp. Til pause leda aurlandsjentene  med 2 mål. Sogndal kom sterkt tilbake i 2. omgang, og sjølv om jentene kjempa godt blei sluttresultatet 11-10 til Sogndal. Det var mange fine scoringar av Kristiane, Jennifer, Johanne  og Johanne Underdal. Sistnemnte hadde ein nydelig scoring fra vingplass.

Neste lag ut var G-14. Dei møtte Stryn, og vann kampen med heile 14 mål.  Gutane spelte ein flott kamp, og hadde mange fine kontringer og gode innspel til strek. Laget hadde godt samspel både i forsvar og angrep, og Eivind hadde ein nydelig «flygar», som han plasserte perfekt i mål. Eivind, Siver, Andreas, Robin, Eirik og Joakim kom på scoringslista.
Siste lag ut var J-12, og dei møtte ÅTIL. Her leia aurlandsjentene til pause. Ei stund såg det ut til at ÅTIL skulle bli for sterke, men jentene frå AIL hadde bestemt seg for at denne kampen skulle dei vinna. Sluttresultatet blei 16-11 til Aurland. Her var det Tuva, Jennifer, Veronika, Julie og Kari som kom på scoringslista.
Det var flotte kamper, god underhalding og mykje liv på tribuna, og alt i alt hadde publikum og spelarar ein kjempedag i Aurlandshallen i dag.

J-12 vann spennande handballkamp mot ÅTIL
J-12 vann spennande handballkamp mot ÅTIL
©2026 Aurland Idrettslag | WordPress Theme: EcoCoded