Laurdag 15.mars spelte G.14 mot Haugen/Eid. Dette blei ein veldig spennande kamp, der aurlandsgutane til slutt drog i land sigeren, 11-10. Søndag 16. var det igjen ny kamp for gutane. Denne gong mot Førde 2. Ein underhaldande og god kamp av begge lag. Aurlandsgutane vann her 14-8. Neste lag ut var J.11. Dei spelte mot Årdalstangen. Dette blei også ein spennande kamp der jentene i dei siste speleminuttane drog i land sigeren. Siste lag ut var J.15. Dei spelte mot Jotun/Årdalstangen. Her blei det siger til Aurlandsjentene! Ein flott kamp!!Det var mykje publikum på tribuna søndag, veldig kjekt for alle lag!
J.15 var også avgårde til Leikanger Laurdag 15.mars. Her blei det 1 siger og eit tap. J.10 hadde sine siste seriekampar Laurdag 15. Her blei det eit tap, ein siger og ein uavgjort.
Torsdag 13.mars spelte J.12 heimekamp mot Jotun. Her vann Aurlandsjentene 13-4. Aurlandsjentene storspelte.!Ein veldig underhaldande kamp!

