Skip to content
Menu
Aurland Idrettslag
  • Medlemskap
  • Nyttig informasjon
    • Treningstider
    • Lagsbuss
    • Hallvaktordninga
    • Verv i idrettslaget
    • Årsmelding
  • Idrettar
    • Fotball
    • Handball
    • Friidrett
    • Barneidrett
    • Ski
    • Corebar/Step/Styrke
    • Boksing
    • Klatring
    • Symjing
    • Dykking
  • Bilete
    • Fotball
    • Friidrett
    • Volleyball
    • Boksing
    • Ski
  • Våre sponsorar
  • Logg inn
Aurland Idrettslag

Sterke prestasjonar i Stangehallen

Posted on 22/03/2014

Kristiane Sekkingstad Terum og Jennifer Mjøs deltok i helga på Bamseleikane, det største innandørsstemnet i landet denne vinteren. Jennifer, som var først i elden, hadde beste tida i forsøket i J-13. I finalen gjekk det like bra, og ho vann med 8.28 og pers innandørs. Kristiane gjorde det også godt, og hadde beste tid i forsøket i J-14. I finalen blei det ein flott andreplass med tida 8.27, og berre ein hundredel bak vinnaren. Kristiane var likevel godt nøgd, då det vart pers på distansen. Laurdag kveld vart det nok ein pallplass då ho vann 600 m, og slo jenta frå Ullensaker/Kisa som har årsbeste i landet. Kristiane fekk tida, 1.42.07, og nok ein pers denne helga.

Kristiane og Jennifer med sterk innsats på Bamseleikane
Kristiane og Jennifer med sterk innsats på Bamseleikane
©2026 Aurland Idrettslag | WordPress Theme: EcoCoded