
I januar og februar har jenter og gutar fødd i 2001 frå klubbane Aurland, Lærdal, Årdalstangen og Jotun delteke på fotballskule i Årdal og Lærdal. Frå Aurland var følgjande spelarar med: Margrete Tokvam, Brita B. Skjerdal, Jennifer Mjøs og Tony Frønningen. Ansvarleg trenar for jentene var Frank Øyre og for gutane Ivan Øy.
Søndag 16. mars arrangerte fotballkretsen turnering der dei fleste av spelarane frå fotballskulen deltok. Laget «frå» Årdal spelte då mot laga frå dei andre fotballskulane.
Etter turneringa vart det tatt ut spelarar til sonelaget for Sogn. Frå Aurland vart Jennifer Mjøs teken ut på sonelaget. Laurdag 29. mars vart det arrangert soneturnering mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Turneringa gjekk føre seg på Reed i Gloppen. Jentelaget frå Sogn vann mot Sunnfjord, men tapte med eitt mål mot Nordfjord. Frå fotballskulen i Årdal deltok Sara Brandsdal (Jotun), Ragnhild Bolstad (Lærdal) og Jennifer Mjøs frå Aurland.
