Skip to content
Menu
Aurland Idrettslag
  • Medlemskap
  • Nyttig informasjon
    • Treningstider
    • Lagsbuss
    • Hallvaktordninga
    • Verv i idrettslaget
    • Årsmelding
  • Idrettar
    • Fotball
    • Handball
    • Friidrett
    • Barneidrett
    • Ski
    • Corebar/Step/Styrke
    • Boksing
    • Klatring
    • Symjing
    • Dykking
  • Bilete
    • Fotball
    • Friidrett
    • Volleyball
    • Boksing
    • Ski
  • Våre sponsorar
  • Logg inn
Aurland Idrettslag

Miniputt-turnering i Øvre Årdal

Posted on 18/05/2014

Søndag 18. mai var det klart for årets første miniputt-turnering i Sogn. Det vart ei flott turnering der både born og vaksne kosa seg. Aurland hadde med 3 jentelag og 6 gutelag. Heldigvis var vergudane denne gong velviljuge og gav oss nydeleg maiver. Etter kvart som me får inn foto frå ivrige foreldre vil nokon av dei bli publisert her. Takk til alle trenarar og lagleiarar som var med og hjalp til. Takk også til foreldre for kjøring og oppfølging av eigne born.

Neste turnering vert arrangert 15. juni på Årdalstangen.

Miniputt_G7

Biletet over viser 7-åringane saman med trenarane Rune Bekkedal og Daniel Andresen.

Her er link til biletgalleri som IL Jotun har laga. Mange flotte «actionbilete» med spelarar frå Aurland.

©2026 Aurland Idrettslag | WordPress Theme: EcoCoded