Jennifer Mjøs slo nok ein gong til med førsteplass i lengde i eit av dei store friidrettsstemna i Noreg, og gjorde konkurransen spennande heilt til siste slutt. Det var ikkje før i siste hoppet at ho tok leiinga, og vann konkurransen med 2 cm framfor jenta som kom på andreplass. Resultatet til Jennifer blei denne gongen 4,72 m. Også på 100 m blei det gullmedalje til Jennifer, men på 60 m måtte ho ta til takke med andreplass, etter å ha hatt best tid i forsøket.
