Kristiane Sekkingstad Terum (J-14) tok sølvmedalje på 60 m og bronsemedalje på 100 m i Veidekkelekene i helga som var. Det var ho godt nøgd med, då konkurransen på sprintdistansane har spissa seg mykje til dette året. Også på 400 m gjorde ho eit svært godt løp. Under vanskelege forhold, med til dels mykje vind på oppløpssida, sprang ho inn til den flotte tida 59.76. Dette var berre to hundredelar bak sølv og ein hundredel bak bronsemedaljen i klasse jenter-15.
