Jennifer Mjøs (J-13) og Kristiane Sekkingstad Terum (J-14) har i helga vore med på Nordens største friidrettsstemen på Nya Ullevi. Over 4000 deltakarar frå 12 ulike nasjonar deltok, og jentene frå AIL gjorde det svært så godt. Jennifer kom heilt til A-finalen på 60 m, og blei til slutt nr. 5, berre sytten hundredelar frå gullet. Ho fekk også 7. plass på 200 m med flott ny pers på 27.09 og hoppa 4,93 m m i lengde. Kristiane gjorde eit kjempeløp på 300 m med tida 42.14, og fekk ein sterk 10. plass i klassen til 15-åringane. Ho sette også ny personleg rekord på 80 m med tida 10.87. Resultat ligg her.

