E-CO Rimstigen Opp blei avvikla i topp vèr på laurdag, og May Britt Buer, ein av Norges beste motbakkeløparar i dameklassen sette ein knallsterk løyperekord med tida 29.40. Herreklassen blei vunnen av Øyvind Sundby Heiberg på 25.55, og alle dei 71 løparane som sprang på tid gjorde sterk innsats i den bratte løypa til toppen av Rimstigen, 725 moh. Olav Terum, Aurland IL (klasse 55-59 år) matcha tida si frå i fjor, og sette ny rekord i sin klasse med 33.41. Også ein god del turgåarar tok turen til topps i den flotte løypa, heia konkurranseløparane i mål på toppen og gjorde dette til eit arrangement som Aurland IL kan vera stolte av. Dugnadsgjengen frå idrettslaget gjorde ein kjempejobb, og saman med gode sponsorar, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Aurland Hjelpekorps og Bakka grendalag rodde funksjonærane det heile i land på ein svært god måte. Ordførar Noralv Distad tok sjølv turen til topps, og delte deretter ut premiar ved grendahuset på Bakka. Han drog arrangementet fram som ein av mange gode tiltak knytt til natur i Aurland kommune. Resultat: E-Co Rimstigen Opp 26.07.2014 – resultat pr klasse

