Kristiane Sekkingstad Terum (14) deltok i helga i Gneistspelen i Bergen, og eit av måla var å springa ein god 600 meter. I same heat stilte Inga K. Skår frå Førde IL, den beste jenta på 1500 m i Noreg i klasse 15 år. Kristiane la seg «på hjul», og etter ein sterk innspurt kom ho i mål på tida 1.39.49, og over sekundet føre Førdejenta. Kristiane vann også 200 meter med tida 26.73 og 60 meter med 8.33.

