Skip to content
Menu
Aurland Idrettslag
  • Medlemskap
  • Nyttig informasjon
    • Treningstider
    • Lagsbuss
    • Hallvaktordninga
    • Verv i idrettslaget
    • Årsmelding
  • Idrettar
    • Fotball
    • Handball
    • Friidrett
    • Barneidrett
    • Ski
    • Corebar/Step/Styrke
    • Boksing
    • Klatring
    • Symjing
    • Dykking
  • Bilete
    • Fotball
    • Friidrett
    • Volleyball
    • Boksing
    • Ski
  • Våre sponsorar
  • Logg inn
Aurland Idrettslag

Tok medaljar i krinskamp

Posted on 14/09/2014

Jennifer Mjøs (J-13) og Kristiane Sekkingstad Terum (J-14) deltok i helga på kretskamp i friidrett mellom Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder-fylka. Jennifer imponerte med å ta gull i finalen på 60 m med tida 8.22 og i lengde med solide 5,08 m. På 200 m blei det andreplass med strålande 26.2 (manuell tidtaking) og på debutdistansen 200 m hekk blei det nok ein sølvmedalje. Kristiane viste storform på 200 m, og fekk gullmedalje med tida 26.35 i litt for mykje medvind til å få godkjend bestenotering. I høgde vart det personleg rekord med 1,46 m. Dette heldt til 4. plass med same resultat som nummer to og tre. Smerter i lysken gjorde at ho måtte stå over 60 m denne gongen. Sogn og Fjordane blei nr. 2 i kretskampen.

IMG_2068

IMG_2050

IMG_2065

©2026 Aurland Idrettslag | WordPress Theme: EcoCoded