Kristiane Sekkingstad Terum (14) sprang sin raskaste 200 meter nokon sinne då ho vann Bergenslekene i helga med sterke 26.28. Dessverre var medvinden på 3,2 m/sek, og resultatet er difor ikkje godkjend som personleg rekord og årsbeste i landet, som Kristiane sjølv har med 26.53 frå Stordleikane. Ho debuterte også på 800 m, og tok gullmedalje med tida 2.25.03. Jennifer Mjøs (13) var også med i stemnet, men mykje trening og tunge bein gjorde sitt til at Jennifer ikkje presterte opp mot sitt aller beste denne helga. Det blei likevel sølvmedalje på 100 m og i lengde, og tredjeplass på 200 m med 27.04.

