Fredag 19. september arrangerte handballgruppa kick-off føre sesongen 2014/2015. Denne kvelden hadde gruppa fått vitjing frå spelarutviklar i handballkretsen Geir Giil. Etter treninga hadde ein del mødre ordna til med servering av taco. Små og store kosa seg i Aurlandshallen denne kvelden.


