Me som instruktørar opplever at mot slutten av klatringa er det andre ting i hallen som er mykje kjekkare enn å klatre. Dette tykkjer me er leit og me ser at det er svært lett for nokre få å dra med seg fleire.
Styret har difor bestemt at for barneklatringa på fredagar har borna lov å nytte hallen til oppvarming frå 17.30 til 18.00. Etter 18.00 skal borna klatre og ikkje nytte hallen til anna aktivitet. Me håpar foreldra vil hjelpe oss med dette:)
For onsdagsklatringa (ungdom) vil det same gjelde, hallen kan nyttast til oppvarming frå 18.00 til 18.30.
Mvh styret i Aurland Klatreklubb
