Vi har hatt ein fin skidag på Østerbø, vindstille og 4-5 minusgrader. Eit par av damene i trimklassa unte seg eit par solpauser i løypa, der sola så vidt titta fram. 23 deltok på det første skirennet, talet skuldast nok at mange er til syden og nokre er sjuke. Fordelen var at alle vann premie på startnummer! Merete har produsert 40 karusellpremiar i dag, så det er berre å møte opp på neste renn søndag 1. mars, og dei to siste, for det er flott premie i vente for dei som går tre renn.
Løypene, 3 km + 2 km, er kjempefine, både for klassisk- og fristil. Dei ligg der for alle sin bruk, så ta turen til Østerbø i vinterferien, og bruk løypene. Det er gratis og premien er flott naturopplevelse og god form. Vert det meir snø, vil Rune prøve å ordne nye spor.
God vinterferie og god tur!
