Det andre rennet i skikarusellen i år vert søndag 1. mars. Vi får håpe på fint ver dette rennet også, og enno meir sol!(sjølv om Yr melder om snø, melder heldigvis om lite vind). I fjor gjekk 61 skirenn 1. mars, det var kjekt at så mange var med. Vi ynskjer oss like mange i år, og det er plass til enda fleire. Merete Rein har laga mange fine kuler som er karusellpremie i år, så det er berre planlegge langrenn på Østerpå på søndag. Går du dette rennet + to til, er ei av desse flotte kulene dine!
Det er meldt mykje vind på laurdag, vi får håpe det bles frå seg i morgon, så vi får gå skirenn på søndag. Vi får verrapport i morgon frå Østerbø, sjå meir informasjon laurdag ettermiddag/kveld.
Fint på Østerbø i dag, ifølge vermeldingane blir det vanskeleg å avvikle skirenn i morgon. Vi legg ut endeleg melding innan kl.10.00 om vi gjennomfører eller avlyser.
Vinden har auka på i morgontimane på Østerbø, vi avlyser difor skirennet. Då blir 2. rennet 15.3.
