Det andre rennet i skikarusell 2015 er søndag 15. mars på Østerbø. Det er stor flott sol på yr på søndag, flau vind og 1 plussgrad, så denne gangen reknar vi med at vi slepp å avlyse, og at vi får ein strålande dag. Påmelding frå kl.12.00, rennet startar kl. 13.00.
Sal av varm og kald saft og grilla pølser, trekning på startnummer med fine premiar, og flott karusellpremie for dei som går tre skirenn.
Vel møtt til alle trufaste små skiløparar og også til dei litt større, og vaksne!
