Helga 24-26.april var 4 lag avgårde til Voss på handballcup samt G.13 avgårde til Stryn på Stryn cup. J.9, J.10, G.10 og J.12 var avgårde til Voss. Her var det handball frå fredag ettermiddag til søndag ettermiddag. J.9 var først i ilden og vann første kampen. Sidan blei det litt tap, men mykje stå på glede hjå jentene! J.10 vann 3 kampar og spelte 1 uavgjort. J.12 tapte 3 og vann 1.
G.10, som i fjor tapte dei fleste kampane på Voss, vart i år dei som vann alle sine kampar i sin klasse. Veldig kjekt! (Me har bilde, men dårleg kvalitet..)Me hadde ei flott helg både born og vaksne.
G.13 som i år har bestått av nokre spelarar frå Aurland,men flest frå Lærdal, var avgårde til Stryn. Her møtte dei ein del sterk motstand, men samtidig hadde dei nokre jevne kampar. Det blei ein siger, resten tap. Men mykje bra spel av gutane!
J.13/14 , J.15 og G.15 reiser avgårde til Storhamar Cup siste helg i mai. Vi ynskjer dei lykke til!
