Skip to content
Menu
Aurland Idrettslag
  • Medlemskap
  • Nyttig informasjon
    • Treningstider
    • Lagsbuss
    • Hallvaktordninga
    • Verv i idrettslaget
    • Årsmelding
  • Idrettar
    • Fotball
    • Handball
    • Friidrett
    • Barneidrett
    • Ski
    • Corebar/Step/Styrke
    • Boksing
    • Klatring
    • Symjing
    • Dykking
  • Bilete
    • Fotball
    • Friidrett
    • Volleyball
    • Boksing
    • Ski
  • Våre sponsorar
  • Logg inn
Aurland Idrettslag

Fin fotballtorsdag på bana

Posted on 28/05/2015

I dag var det heile 3 kampar på bana. Jenter 11 spelte mot Sogndal. Etter ei fin opphenting på slutten vart det til slutt siger 6-4.

Samtidig spelte Jenter 13/14 mot Vik. Dei starta litt nervøst og låg under med eitt mål ei stund. Men litt etter litt tok Aurlandsjentene over og gjekk nokså raskt opp i 2-1. I andre omgang hadde jentene bra kontroll og sluttresultatet enda på 5-1.

Etter desse kampane vart endeleg heile bana teken i bruk. Gutar 15/16 spelte mot Årdalstangen. I første omgang pressa Aurland på og fekk nokså tidleg eitt mål. Ei tid var det mest spel mot eitt mål. Eit uhell i bakre rekker kunne fort gitt eit mål til ÅTIL, men Christoffer kom flott ut og avverga. Omgangen ebba ut med 1-0 til heimelaget. I andre omgang jamna kampen seg ut og ÅTIL fekk til slutt utlikninga. Men heilt mot slutten satsa ÅTIL tøft framover og det straffa seg til slutt. Håvard og Tony scora og dermed  vart det ein flott 3-1 siger til gutane.

Ikkje verst med 3 sigrar til Aurlandslaga denne regnfulle torsdagen!

©2026 Aurland Idrettslag | WordPress Theme: EcoCoded