
Helga 29-31 var dei eldste spelarane i handballgruppa på Storhamar cup. Alt i alt var vi 33 spelarar 12 vaksne og 4 små syskjen. Kampane starta allerede fredag kveld. G.16 var først i ilden, og J.16 kort tid etter. Her blei det eit stort tap for gutane, og eit meir jevnt tap for jentene. J.14 hadde sin kamp fredag ca 21.30. Her blei det også eit lite tap. Laurdag starta gutane med seier, medan begge jentelaga hadde to jevne tap. G.16 hadde 5 kampar frå 08.30-14.00, så det blei ein travel formiddag. Ein siger, eit uavgjort og tre tap blei det for G.16. J.14 tapte også laurdag, men søndag møtte dei Jotun. Her blei det siger i første kamp, men eit måls tap i andre kamp, som også var mot Jotun. J.16 tapte også søndag, men alle deira kampar var veldig jevne. Me hadde ei flott helg sosialt. Kampane foregjekk i Vikingskipet (J.14) og Stangehallen(J.16/G.16.) For G.16 var dette deira siste turnering som lag. Dei fleste av gutane sluttar med handball etter denne sesongen. Det har vore veldig morro å hatt dei med så lenge. For J.16 sin del vil det også her vere ein del jenter som slutter. Nokre går over til Sogndal. Dei av jentene som vil fortsette, vil bli ein del av damelaget som neste år skal spele i serie. Me gleder oss til å følge dei videre. Tusen takk til Terje, Inge Andreas, Anita Løkken, Regina, Silje, og Kristine for flott trenarjobb for desse ungdommane. Tusen takk og til Therese og dei andre vaksne som var med til Storhamar. Me hadde ei flott helg. Ref. Torill

