Jennifer Mjøs (14) deltek i helga i Tyrvinglekene, Norges største friidrettsstemne, i Bærum. Ho klinka like godt til med ein sterk andreplass i lengde fredag, berre 7 cm bak vinnaren. Den nye personlege rekorden er no på gode 5,08 m, og det med -3,6 i motvind. Det skal òg leggjast til at Jennifer hadde eit hårfint daudt hopp på rundt 5,20 m.
