Olav Terum blei i helga nummer 2 i klasse 55-59 år i motbakkeløpet Molden Opp med tida 1.03.48. Løpet har start nede ved sjøen i Marifjøra, og målgang etter 7 km på Molden, 1118 moh. Motbakkeløpet er neste års NM-løype, og kan by på flott løypetrasè med nydeleg utsikt frå toppen.
