Laurdag 25. juli er det klart for den femte utgåva av E-CO Rimstigen Opp. Konkurranseløparane har byrja å melda seg på, og mykje tyder på at det blir eit godt startfelt. Turgåarane er særleg velkomne, og friidrettsgruppa vonar at mange er på toppen når dei som spring på tid kjem i mål. Startkontingenten i turklassen er kr. 100,-. Då får du eit flott deltakar-krus, buff og ei flaske Powrade. Meir informasjon finn du her. Førehandsomtale på Sogn Avis og kondis.no finn du ved å klikka på lenkene. Ta gjerne kontakt med Olav Terum (99414496) om du lurer på noko.

