Hei alle 🙂
Klatringa startar oppatt onsdag 14 oktober.
Me har organisert klatring med instruktør:
*Onsdager – Ungdomsklatring 12-16 år; 18.00 – 19.30. Voksenklatring 16 år og oppover kl. 19.30 – 21.30.
*Fredager- barneklatring ; opp til 12 år.kl. 17.30 -19.00.
På barneklatringa må barnet vera i følgje med foreldre/føresette eller andre vaksne som kan sikre bornet.
Alle vil få opplæring i sikring av instruktør.
Instruktørane ventar ein halvtime uti klatretimen. Er det ikkje komne nokon så pakkar me sammen. Så det er lurt å komme når klatringa starter !
Gledar oss til å sjå deg i veggen 🙂
Ynskjer de klatre utanom desse tidene må de ha brattkort og eige klatreutstyr!
Om du har brattkort er det lov og ha med 1 person utan brattkort men du er då ansvarleg for at denne personen kan rett og forsvarleg sikring.Leige av veggen er 50,- pr.person pr. gong.
Brattkort SKAL visast fram til hallvakt, og her betaler du og for leige av vegg.
All klatring MÅ foregå i det tidsrommet det er hallvakt i Aurlandshallen.
Lurar du på noko så ta kontakt med oss!
Gunnar, Anette, Kristjan og Britt Nancy
