G-11 var laurdag avgårde til Sogndal og møtte Sogndal 2. Me skulle også møte Høyang, men pga uværet blei det ikkje kamp mot Høyang denne gongen. Aurlandsgutane spelte mykje bra, og det blei siger til gutane 14-8. Då det berre vart ein kamp i hallen denne dagen, blei me einige om å ta ein treningskamp. Det blei då ein uformell kamp på 2 x 10 min. Her blei det uavgjort. Det blei ein veldig kjekk dag i Sogndal med mykje flott handball frå begge lag.
