Under avslutninga til Aurland IL sitt årsmøte delte Terje Merkesdal ut prisen til årets medlemar , og denne gongen gjekk utmerkinga til Kristjan Arnason og Gunnar Rosten. Dei har gjort eit stort arbeid i klatergruppa over mange år, og har mykje av æra for den gode aktiviteten som er i gruppa. Dei har dessutan hatt hovudansvaret for dugnadsarbeidet med den nye buldreveggen i hallen, som no kan brukast av store og små utan bruk av sikring.

