Andre rennet i skikarusellen blir laurdag 20. februar på Østerbø. Påmelding vert frå kl.12.00. Rennet startar kl.13.00. For meir informasjon sjå idrettar over. Vert det dårleg ver, vert rennet utsett til søndag 21. februar. Det blir eventuelt kunngjort her innan kl 10.00 laurdag.
Det var 46 deltakarar på det første rennet, vi håpar på at like mange, og gjerne enno fleire, vert med dette rennet. Det var bra med snø, vi gjekk difor dei tradisjonelle løypene med ei lang sløyfe på 3 km og ei litt kortare på 2 km. Dei minste, som vi ynskjer oss fleire av på skirenn, gjekk løype på 500 meter.
Vel møtt og velkommen til fjells!
