Torstein Veum (13) sprang laurdag 1500 meter i «Pingvinlekene» i Bergen, og debuterte med den knallgode tida 4.51.77. Dette heldt til ein flott 2. plass på distansen. Torstein sprang eit veldisponert løp, der han dei første rundane låg som nummer tre i feltet. Deretter avanserte han til andreplass, og heldt denne posisjonen til mål. Også Christina Mjøs (10) gjorde flott innsats, og var topp tre på 60 meter, lengde og kule i klasse J-10. Reportasje med mange flotte bilete frå løpet til Torstein kan du sjå på kondis.no.
