Jennifer Mjøs (15) tok laurdag sølvmedalje i ungdoms-NM i Steinkjer, i det som blei ein svært spennande lengdekonkurranse. Heile 27 jenter stilte opp i øvinga, og etter fire innleiande hopp låg Jennifer som nummer tre. Dei åtte beste gjekk deretter vidare til finalen, og Jennifer klatra opp til andreplass med resultatet 5,11 m i det aller siste hoppet. Vinnaren hadde 5,18 m. Jennifer gjekk òg til finalen på 60 m, etter å ha teke seg vidare frå forsøksheatet og semifinalen. I finalen blei Jennifer nr. 7 med tida 8.18. Kristiane var òg i elden på laurdag, og prøvde seg på 800m for aller første gong innandørs. Resultatet blei bra, og Kristiane blei nr. 6 med tida 2.28, berre tidelar skilde frå 5. plass. 14 jenter var med på 800 m i J-16-klassen.

