Laurdag 27.02 var G.11 i Gaupne og spelte 2 kampar. Første kamp var mot Bjørn 2. Her var stillinga 5-1 til Bjørn 2 til pause. Gutane, samt to jenter, Kine og Marie som hjelpte oss, var noko nedstemte.Dei bestemte seg fort for at dette ville dei prøve å vinne. I andre omgang starta dei raskt med å score 3 mål. Stillinga vart etter kvart uavgjort, og når det stod att 1 minutt var stillinga uavgjort. Bjørn scora nytt mål då det stod att 30 sekund. Aurland jobba på siste sekunda, og Marius Loftesnes satt ein flott scoring inn akkurat i det kampen vart avslutta. Resultatet blei 9-9.
Andre kampen var mot Bjørn. Her var det veldig jevnt første omgang, men Aurland leda 7-6 til pause. Gutane/jentene jobba på, men i andre omgang kom det ein del mål imot og til slutt vart resultatet 16-11 til Bjørn. Tusen takk til Marie Hoel Hansen, og Kine Haugaplass som var med og hjelpte oss! Strålande innsats både på og utanfor bana. Resten av laget var Erling, Jakop, Sindre og Asbjørn.
