Jennifer Mjøs (15), Kristiane Sekkingstad Terum (16) og Kristina Mjøs (10) deltok i helga på Bamselekene i Stangehallen på Hamar. Jennifer sprang ein svært bra 600 m, og med tida 1.44.35 og førsteplass, ligg ho på toppen av landsstatistikken på denne distansen i år. Jennifer blei dessutan nummer to på 60 meter, i det som var eit godt finalefelt. Kristiane viste flott framgang på 60 meter, og tok ein litt overraskande 2. plass i finalen. Tida 8.36 er berre 9/100 bak innandørspersen frå 2014. Ho blei også nummer to på 200 m, og vann 600 meter etter ein god sluttspurt. Kristina leverte som vanleg svært gode resultat i 10-årsklassen, og deltok både i løps-, hopp- og kastøvingar.

