Skip to content
Menu
Aurland Idrettslag
  • Medlemskap
  • Nyttig informasjon
    • Treningstider
    • Lagsbuss
    • Hallvaktordninga
    • Verv i idrettslaget
    • Årsmelding
  • Idrettar
    • Fotball
    • Handball
    • Friidrett
    • Barneidrett
    • Ski
    • Corebar/Step/Styrke
    • Boksing
    • Klatring
    • Symjing
    • Dykking
  • Bilete
    • Fotball
    • Friidrett
    • Volleyball
    • Boksing
    • Ski
  • Våre sponsorar
  • Logg inn
Aurland Idrettslag

G.11 sine siste seriekampar

Posted on 11/04/2016

Laurdag 9.april reiste aurlandsgutane til Årdalstangen for å spele dei to siste seriekampene. Først ute var kampen mot Bjørn. Her kjempa gutane frå første stund! Mange gode scoringar, og ikkje minst gode redninger frå keeper Asbjørn Ryum Marsh. Gutane spelte veldig bra, og var flinke til å gjere kvarandre gode! Me vann 15-11
Andre kampen var mot Sogndal. Her kjempa me på og låg under med kun 2 mål ganske lenge. Sogndal var flinke til å jobbe i forsvar samt hadde gode kontringer. Til pause låg me fortsatt under med kun 2 mål. I andre omgang fekk me ein del mål mot oss, og Sogndal vann til slutt 18-9. No skal me jobbe hardt fram mot Voss cup førstkomande helg. Men først skal me slå pappalaget på handballavslutninga! Tusen takk til Andrea som hjelpe oss laurdag!

©2026 Aurland Idrettslag | WordPress Theme: EcoCoded