Lærdal IL arrangerte som alltid eit prikkfritt motbakkeløp til Storehaugen 908 m.o.h, og fleire aurlendingar var på startstreken. Løypa er 3,7 kilometer lang, og har ei stigning på omlag 25 prosent. Olav Terum blei nr. 2 i klasse 55-59 år med tida 42.58. Formen til veteranen ser ut til å halda seg rimeleg bra, då han dei siste 6-7 åra har notert seg med tider mellom 40.40 og 43.10. Også Terje Terum og Janicke Hoel stilte i konkurranseklassen. I tillegg vart mellom andre Magnar Dalen, Venke Sjursen og nokre andre sprekinger frå Aurland observerte i turklassen. 
