Skip to content
Menu
Aurland Idrettslag
  • Medlemskap
  • Nyttig informasjon
    • Treningstider
    • Lagsbuss
    • Hallvaktordninga
    • Verv i idrettslaget
    • Årsmelding
  • Idrettar
    • Fotball
    • Handball
    • Friidrett
    • Barneidrett
    • Ski
    • Corebar/Step/Styrke
    • Boksing
    • Klatring
    • Symjing
    • Dykking
  • Bilete
    • Fotball
    • Friidrett
    • Volleyball
    • Boksing
    • Ski
  • Våre sponsorar
  • Logg inn
Aurland Idrettslag

Berre ein tidel frå kravet til senior-NM

Posted on 02/07/2016

Kristiane Sekkingstad Terum sprang ein sterk 400-meter på Nya Ullevi laurdag kveld. Den nye personlege rekorden er no på 59.10, berre 11 hundredelar frå kvalifiseringskravet til senior-NM. 55 jenter deltok i løpet, og desse var frå klassane 16 og 17 år. Kristiane blei beste norske i 16-årsklassen, nummer fire av alle i 2000-årgangen og totalt nummer elleve. 59.10 er tredje beste tid på noregsstatistikken i J-16 så langt i sesongen. På søndag deltok Kristiane på 200 m, og med tida 26.56 var ho berre 2/100 frå pers.

IMG_3184

©2026 Aurland Idrettslag | WordPress Theme: EcoCoded