Laurdag 30. juli er det klart for den 6. utgåva av Rimstigen Opp, ein flott tur og eit utfordrande motbakkeløp frå Bakka til Rimstigen, 725 moh. Me lovar deltakarpremiar til alle som deltek i tur-og konkurranseklassen, mange premiar på loddtrekning og sjølvsagt klassevinnarpremiar til dei som spring på tid. Dessutan er det pengepremiar til tre beste kvinner og tre beste menn. Alle som er med får Powerade sponsa av Joker Gudvangen. Turklassen har start frå klokka 10:00 og utover, 13-14 årsklassen startar klokka 12:20 og hovudfeltet 10 minuttar seinare. Me vonar på mange turgåarar på toppen og lovar fin stemning på Bakka. Sal av varm og kald mat ved skulehuset. Meir informasjon finn du her. Påmeldingsmodul ligg her og så kan du logga deg inn på arrangementet si Facebookside. 
