SYMJE – SYKLE – SPRINGE
Aurland idrettslag ved symjegruppa inviterer til triatlon 1. oktober. Alle frå 6 år kan delta. For vaksne er det denne gongen høve til å melde på bedriftslag, der tre personar gjennomfører kvar sin etappe. Bedrifter, vennegjengar, lag og organisasjonar kan melde seg som bedriftslag. Det blir enkel servering for deltakarar og kiosk for publikum under løpet. Start i bassenget i Aurland idretts- og samfunnshus kl 10.00. Mål ved idrettsbana!


