G.10 var avgårde til Årdalstangen og hadde sine første to kampar på stor bane. Desse gutane har spelte minihandball fram til no, så dette var første gong for alle at dei spelte på stor bane. Det blei to spennande kampar, der dei vann den første kampen 8-7 over Bjørn, medan neste kamp tapte dei 7-8 over Årdalstangen-Jotun. Gutane er tøffe, ivrige og viser mykje speleglede. Me har og gleda av å ha med to gutar frå Lærdal på laget vårt i år, og dette er veldig kjekt!
J.15 var laurdag avgårde og spelte mot Stryn og Skavøypoll. Det blei knepent tap mot Stryn med berre to mål. Her var det veldig jevnt heile veien, men Stryn blei for sterke på slutten. Skavøypoll var sterke fra start, så her blei det eit litt større tap. Jentene håpar på revansj på heimebane.
J.10 har to heimekampar førstkommande laurdag. kl 11 mot Syril og kl 14.00 mot Syril 2. Jentene håpar på mykje publikum!



