J.10 i aksjon mot Syril
J.13 etter siger mot Sogndal
J.11 med godt forsvarsarbeid mot Syril
Laurdag 5.november var J.10 og J.13 i aksjon i Aurlandshallen. Her var tre gode kamper av aurlandsjentene, og det blei tre flotte sigrar. På J.10 var det mange aktive 4. og 5. klasse jenter som gledde seg masse til å spele i eigen hall. Her var også mange tanter, onkler, besteforeldre og foreldre på tribuna så det var veldig god stemning! Katarine gjorde ein glimrande jobb på benken. Å styre 12 aktive jenter aleine slik at alle får nokolunde lik speletid er ikkje enkelt, men dette klarte Katarine strålande! Første kampen vann jentene mot Syril, og kamp nr to vann jentene mot Syril 2. Fleire av jentene fekk prøve seg i mål, og dei var ikkje redde!!
J.13 hadde siste kampen i hallen på laurdagen. Dette blei ein veldig spennande kamp. Aurlandsjentene leda 7-2 til pause, men Sogndal kom sterkt tilbake tidleg i andre omgang. Ei stund var det uavgjort 8-8, men jentene hadde bestemt seg for at denne kampen ville dei vinne!! Dei kjempa på, og med eit strålande keeper spel, vann dei til slutt 11-9.
Damelaget var til Gaupne og spelte mot Bjørn. Her var noko bra, og noko mindre bra spel. Resutlatet blei 31-13 til Gaupne.
Søndag 6.nov var J,11 avgårde til Vik og spelte mot Bjørn 2 og Syril. Endeleg blei jentene på J.11 litt tøffare, slik dei har øvd mykje på trening, og dei vann med eit mål mot Bjørn 2. Mot Syril vart det litt tøffaren då dei hadde ein del gode kontringar og klarte å score på desse. Her tapte jentene 7-2.