Endeleg vart det siger for damelaget. Etter ein sesong der damene har vist framgang vart det endeleg siger for damene! Denne laurdagen reiste damene tidleg avgårde til Eid for å spele kamp. Dei var motiverte for å vise at dette ikkje skulle bli ein enkel kamp for Eid. Allerede etter første omgang leda Aurland 16-12. Tidligare kampar har ein erfart at det til tider raknar i andre omgang. Denne gongen skulle ikkje dette skje. Damene jobba jevnt og trutt og klarte å dra i havn sigeren, og det vart 30-29 til Aurland. Denne sigeren trur me er historisk for Aurland damehandball, då me trur dei ikkje har vunne kampar tidlegare sesonger. Difor blei dette feira med oppmøte av leiaren i idrettslaget med fleire. Med flagg, ballonger, rosa løper og boblebrus vart dette markert når damene ankom Aurland. Dette var vel fortent. Desse damene har tapt alle kampar, til tider med mykje baklengsmål. Allikevel har dei vist stort pågangsmot, humør og stå på vilje. Stolt av dåke damer. Neste kamp er heime mot Vik førstkomande laurdag kl 14.00. Me satsar på fulle tribuner.

