Skip to content
Menu
Aurland Idrettslag
  • Medlemskap
  • Nyttig informasjon
    • Treningstider
    • Lagsbuss
    • Hallvaktordninga
    • Verv i idrettslaget
    • Årsmelding
  • Idrettar
    • Fotball
    • Handball
    • Friidrett
    • Barneidrett
    • Ski
    • Corebar/Step/Styrke
    • Boksing
    • Klatring
    • Symjing
    • Dykking
  • Bilete
    • Fotball
    • Friidrett
    • Volleyball
    • Boksing
    • Ski
  • Våre sponsorar
  • Logg inn
Aurland Idrettslag

Finaleplassen på 200 m glapp

Posted on 05/03/2017

Jennifer Mjøs (16) deltok i helga på ungdoms-NM (UM) i friidrett innandørs i Bærum. Jennifer vann forsøksheatet sitt på 200 m med den flotte tida 26.47, og rekna med at heatsiger var godt nok for ein plass i finalen. Det var det dessverre ikkje, då dei seks beste tidene gjekk vidare. – Bittert, seier Jennifer, – eg slappa av dei siste metrane, og hadde meir inne. Neste gong skal eg sjekka skikkeleg kva som gjeld i kvalifiseringsrunden. I 2016 var UM i Steinkjer og då blei det 3.plass på distansen. Jennifer deltok også på 60 m i Bærum, og kom til semifinalen. Kristiane S. Terum (17) skulle også vore med, men blei sjuk og måtte stå over. 

 

©2026 Aurland Idrettslag | WordPress Theme: EcoCoded